Bloggnorge.com // heimalaga.bloggnorge.com
Start blogg

Bare enda et Bloggnorge – Gratis blogg-nettsted

Akryl på lerret

mandag 28. april , 2014 kl. 16:13 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

For omlag 1 år sidan gjekk eg eit kveldskurs i akrylmåling på lerret! Eg hadde ikkje mala noko særleg før, har gått for det meste i teikning, så det var spennande å få prøva ut noko nytt. Kveldskurset var lærerikt og spennande og eg for min del lærde masse :-)! Det som var ekstra artig med dette kurset var at me ikkje måla med pensel; me brukte kjøkkensvampar og papir! Med dette fekk ein til masse stilige effektar ein IKKJE får til med pensel. Som til dømes det biletet eg har måla med det spisse fjellet i midten, den spissen hadde eg aldri fått til med pensel. På neste bilete der eg har måla ein måne så har eg fått ein ekstra effekt på den ved å bruka svamp.

Eg håpar på å få ta fleire kurs i akrylmaling etterkvart. Foreløpig strekk ikkje tida til (enno) å få tatt noko kurs så då får ein heller prøve seg fram litt og øve seg på eigahand..

Det som er veldig kjekt med akrylmåling er at om ein gjere noko feil så er det berre å prøve på nytt etter at målinga har tørka, ein kan måle kor mange lag ein vil utan at dette øydelegg biletet! Slikt får ein ikkje gjort med til dømes akvarellmåling, så difor vil eg for min del seia at akvarellmåling er artigare! For dei som likar litt sterkare og knallare fargar er akryl perfekt! Akvarellmåling blir litt for kjeisamt tykkjer eg sidan alt på ein måte blir så «matt». Smak og behag, seier eg berre :)

 

Fyrste lerretsbiletet eg har mala. Dette mala eg på det fyrste og einaste akrylmalingskurset eg har delteke på.

Fyrste lerretsbiletet eg har mala. Dette mala eg på det fyrste og einaste akrylmalingskurset eg har delteke på.

If I had a flower for every time you mad me smile and laugh, I'll  have a garden to walk in forever

If I had a flower for every time you mad me smile and laugh, I’ll have a garden to walk in forever

Lotusblome <3

Random

Random

Effekten her har eg fått til ved å bruka kjøkkensvamp. Fyrst eit lag med kvitt (det skal vera eit "tynt" lag med kvitt). Då dette laget har tørka så trykker du på eit lag til med litt meir kvit og då ser det veldig ekte ut!

Effekten her har eg fått til ved å bruka kjøkkensvamp. Fyrst eit lag med kvitt (det skal vera eit «tynt» lag med kvitt). Då dette laget har tørka så trykker du på eit lag til med litt meir kvit og då ser det veldig ekte ut!

Måne

 

Fleire innleg og bilete av prosjekter kjem etterkvart! :)

Ha ein kreativ dag Ü

 

-Rigmor

 

 

OBS! Det er ikkje lov å bruke bileta frå denne bloggen utan å spørje fyrst!




(Kun synlig for administrator) *

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "heimalaga.bloggnorge.com" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.