Maling og strikking
Siste tiden er det eit anna prosjekt eg er igang med; Skappelgensaren <3 Skappelgensaren er nydeleg og kjempefin, så den gledar eg meg til å bli ferdig med. Så langt er framstykke ferdig, driv på med bakstykket og armane har eg ikkje starta på. Gensaren er superenkel (i allefall så langt), og ikkje minst nyyydeleg! Eg har valt anna garn enn det opprinnelege. Garnet eg har valt er Sandnes’ silk mohair og Sandnes’ mini alpakka! Skal leggje ut nokre bilete i neste innlegg av garnet!
No må eg ta strikkepinnane fatt når eg har tid :)
Hadde lyst å vise nokre fleire bilete eg har måla på lerret!
Eg malar litt forskjelleg, har ingen favorittmotiv så langt så prøver meg fram. Har planar om å prøve å selge måleri etterkvart. Det hadde vore veldig kjekt!
Solan og Ludvig er mine favorittar :)
Kven av bileta er din favoritt?
Ha ein kreativ ettermiddag Ü
-Rigmor
OBS! DET ER IKKJE LOV Å KOPIERE/TA BILETE FRÅ DENNE BLOGGEN UTAN LØYVE!