Bloggnorge.com // heimalaga.bloggnorge.com
Start blogg

Bare enda et Bloggnorge – Gratis blogg-nettsted

Maling og strikking

tirsdag 29. april , 2014 kl. 18:51 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

Siste tiden er det eit anna prosjekt eg er igang med; Skappelgensaren <3                                                                             Skappelgensaren er nydeleg og kjempefin, så den gledar eg meg til å bli ferdig med. Så langt er framstykke ferdig, driv på med bakstykket og armane har eg ikkje starta på. Gensaren er superenkel (i allefall så langt), og ikkje minst nyyydeleg! Eg har valt anna garn enn det opprinnelege. Garnet eg har valt er Sandnes’ silk mohair og Sandnes’ mini alpakka! Skal leggje ut nokre bilete i neste innlegg av garnet!

No må eg ta strikkepinnane fatt når eg har tid  :)

 

Hadde lyst å vise nokre fleire bilete eg har måla på lerret!

Eg malar litt forskjelleg, har ingen favorittmotiv så langt så prøver meg fram. Har planar om å prøve å selge måleri etterkvart. Det hadde vore veldig kjekt!

Påfugl  Solan og Ludvig "vestland-stil"?

Solan og Ludvig er mine favorittar :)

 

Kjæresten tok eit bilete som eg tykkte var så fint at måtte prøve å måla det.

Kjæresten tok eit bilete som eg tykkte var så fint at måtte prøve å måla det.

 

Kven av bileta er din favoritt?

 

Ha ein kreativ ettermiddag Ü

-Rigmor

 

OBS! DET ER IKKJE LOV Å KOPIERE/TA BILETE FRÅ DENNE BLOGGEN UTAN LØYVE!

Annonser

Akryl på lerret

mandag 28. april , 2014 kl. 16:13 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

For omlag 1 år sidan gjekk eg eit kveldskurs i akrylmåling på lerret! Eg hadde ikkje mala noko særleg før, har gått for det meste i teikning, så det var spennande å få prøva ut noko nytt. Kveldskurset var lærerikt og spennande og eg for min del lærde masse :-)! Det som var ekstra artig med dette kurset var at me ikkje måla med pensel; me brukte kjøkkensvampar og papir! Med dette fekk ein til masse stilige effektar ein IKKJE får til med pensel. Som til dømes det biletet eg har måla med det spisse fjellet i midten, den spissen hadde eg aldri fått til med pensel. På neste bilete der eg har måla ein måne så har eg fått ein ekstra effekt på den ved å bruka svamp.

Eg håpar på å få ta fleire kurs i akrylmaling etterkvart. Foreløpig strekk ikkje tida til (enno) å få tatt noko kurs så då får ein heller prøve seg fram litt og øve seg på eigahand..

Det som er veldig kjekt med akrylmåling er at om ein gjere noko feil så er det berre å prøve på nytt etter at målinga har tørka, ein kan måle kor mange lag ein vil utan at dette øydelegg biletet! Slikt får ein ikkje gjort med til dømes akvarellmåling, så difor vil eg for min del seia at akvarellmåling er artigare! For dei som likar litt sterkare og knallare fargar er akryl perfekt! Akvarellmåling blir litt for kjeisamt tykkjer eg sidan alt på ein måte blir så «matt». Smak og behag, seier eg berre :)

 

Fyrste lerretsbiletet eg har mala. Dette mala eg på det fyrste og einaste akrylmalingskurset eg har delteke på.

Fyrste lerretsbiletet eg har mala. Dette mala eg på det fyrste og einaste akrylmalingskurset eg har delteke på.

If I had a flower for every time you mad me smile and laugh, I'll  have a garden to walk in forever

If I had a flower for every time you mad me smile and laugh, I’ll have a garden to walk in forever

Lotusblome <3

Random

Random

Effekten her har eg fått til ved å bruka kjøkkensvamp. Fyrst eit lag med kvitt (det skal vera eit "tynt" lag med kvitt). Då dette laget har tørka så trykker du på eit lag til med litt meir kvit og då ser det veldig ekte ut!

Effekten her har eg fått til ved å bruka kjøkkensvamp. Fyrst eit lag med kvitt (det skal vera eit «tynt» lag med kvitt). Då dette laget har tørka så trykker du på eit lag til med litt meir kvit og då ser det veldig ekte ut!

Måne

 

Fleire innleg og bilete av prosjekter kjem etterkvart! :)

Ha ein kreativ dag Ü

 

-Rigmor

 

 

OBS! Det er ikkje lov å bruke bileta frå denne bloggen utan å spørje fyrst!

Annonser

Hurra for hobbyblogg!

onsdag 23. april , 2014 kl. 19:16 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

No har eg kome so langt at eg har oppretta denne bloggen her. Sidan eg er ei jente med så altfor mange idèar, interesser, hobbyar og så vidare så var det på sin plass å lage seg ein blogg der eg kan dele mine interesser saman med andre «hobbyistar»!

For at du skal få eit innblikk i kva bloggen min kjem til å innehalde kan eg seie litt om meg og mine interesser:

Eg er ei jente på 23 år, har ein fantastisk sambuar og ein nydeleg liten gut som kom til verden rett før jul. Min interesse for å skape og vere kreativ har vore med meg sidan barndomen og etterkvart har hobbyane og interessene mine utvida seg veldig. Siste året har skapargleda vore så stor, så eg driv med noko kvar einaste dag. Til min store glede og min sambuars store fortvilelse, hehe! Nei, så ille er det ikkje men av og til kan eg ha litt for mange prosjekt på ein gong.

Hobbyane mine er scrapbooking, akrylmaling, tegning, handarbeid, strikking og litt hekling. For det meste går det i scrapbooking og strikking men det blir litt av alt :-)

 

Håpar bloggen fell i smak :-)

-Rigmor

 

Annonser

Hei, verden!

onsdag 23. april , 2014 kl. 07:54 i Ukategorisert. 1 kommentar »

Velkommen til min blogg! Dette innlegget er mitt første innlegg. Dette innlegget kan slettes via kontrollpanelet



Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "heimalaga.bloggnorge.com" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Hjemmeside, Nettbutikk og web design fra Lykke Media AS | Server fra PRO ISP
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge.[dått]com.